REFERAT: Vandreseminaret 2024

Vandreseminaret 2024 i Årdal

Austanbotntindane i haustprakt. FOTO Rigmor Solem

Tid og stad for vandreseminaret var vald spesielt med tanke på at villreinen held seg ute på halvøya mellom Årdalsfjorden og Lustrafjorden no på hausten, og ikkje i det området vandringa var lagt mellom Fardalen, Gravdalen og Utladalen.

Tema: Villreinen – vårt felles ansvar å ta vare på

Villreinen har levd i Skandinavia sia innlandsisen trakk seg attende for om lag 10 000 år sia. I dag er det berre i våre fjellområde i Sør-Norge vi finn att villrein. Opprinneleg vandra villreinen meir eller mindre fritt mellom ulike fjellområde utan store menneskeskapte hindringar undervegs. I dag er det 24 meir eller mindre åtskilte område med til dels små og sårbare bestandar att.

Sjøl om villreinen har vore utset for mange opp- og nedturar i løpet av alle desse tusen åra, så spørst det om ikkje dei siste 150 åra har vore dei mest utfordrande. No i dag er det bygging av hytter, vegar, kraftanlegg, overføring av sjukdommar og parasittar frå beitedyr og sist men ikkje minst mykje ferdsel i enkelte fjellområde som truar villreinen i deira leveområde.

Det store spørsmålet framover er kva vi saman kan gjere for å unngå at vi mistar villreinen for godt. Dersom det skjer, vil vi miste ein viktig del av vår naturarv og vår identitet. Og, vi vil svikte vårt felles ansvar i å ta vare på den einaste ville fjellreinen i Europa.

Vest-Jotunheimen villreinområde

Den vesle villreinstamma på rundt 300 rein lever i kanskje det villaste av alle villreinområde, i Årdal og Luster kommune. Vanleg bruk har vore at nesten alle dyra i bestanden har samla seg i indre del av området, på nord og sørsida av dei alpine Hurrungane, i vinterhalvåret. Her er dei beste vinterbeita, med mindre nedbør og meir avdrift av snø. Mot våren trekker simler og ungdyr vestover mot kalvingsområda ute på halvøya mellom Årdalsfjorden og Lusterfjorden. Dei held seg her i ytre del av området fram mot vinteren att. Mesteparten av bukkane vert gåande i indre del av villreinområdet gjennom sommaren til brunsten set inn. Då trekkjer dei vestover til dei ytre delane av området før dei returnerer til dei indre delane på vinterbeite att.

Vandreseminaret 2024

RIgmor Solem orienterte turfølgjet om villreinen.

Utladalen nasjonalparksenter inviterte laurdag 14. september til vandreseminar i Vest-Jotunheimen med villreinen sine levekår og utfordringar knytt til bruken av fjellet som tema. Nasjonalparksenteret hadde fått med ei rekkje organisasjonar som medarrangørar; Villreinutvalet for Vest-Jotunheimen, Årdal Fjellstyre, Årdal Turlag, Årdal Jeger og Fiskerforening, Naturvernforbundet i Indre Sogn og For Folk og Fjell.

Forfattar av romanen «Høgfjellsmeldinga» (2023) Guri Sørumgård Botheim og biolog og fotograf Arne Johs Mortensen var spesielt invitert med for å skape diskusjonar under seminaret. Mortensen var med under heile seminaret, medan Botheim deltok under avslutninga om kvelden i Utladalen nasjonalparksenter.

I alt 25 personar var med på turen over fjellet der Stine Ohrvik og Rigmor Solem var turleiarar. Mange deltakarar var representantar frå arrangørane. Vandringa hadde utgangspunkt ved Tindevegen i Fardalen, ein sommaropen fjellveg mellom Øvre Årdal og Turtagrø. Vegen blir vanlegvis opna etter vinterstenging rundt 1. mai samtidig med opning av vegen over Sognefjellet. Dette medfører ein vesentleg auke i ferdsel i vårvinterfjellet. Simler og ungdyr har trekt utover mot kalvingsområde i første halvdel av april og slepp unna skifolket og bratte brøytekantar. Kommunane Lom og Luster diskuterer no tidlegare opning av Sognefjellsvegen, allereie til påske!

Etter passering av skoggrensa oppe ved Åsete var det lagt inn ei pause der det vart orientert om leveområdet for villreinen med spesielt vekt på vinterbeite. Området mellom Fardalen og Gravdalen er også aktuelt for utviding av verneområda i Jotunheimen. Dei siste vintrane har ferdselen auka i dette området til liks med nordsida av Hurrungane. Spesielt vart det peika på dei som tek seg opp på toppane i området med randonee-ski og kjører ned mot Fardalen, midt i vinterbeitet.

Oppe ved Åsetvatnet, og etter vel 600 høgdemeters stigning langs den gamle stølsvegen frå Fardalen til Stølsmaradalen, gjekk ferda vidare ned Gravdalen. Denne dalen er ein særs viktig beitedal for villrein og namnet vitnar om at det er urgamle fangstanlegg oppe i dalen der trekkvegar kryssar Gravdalsbanet over mot Austabotn og vidare vestover. Dalen er ein av få dalar i Jotunheimen utan T-merkte stiar, og det er ei avgjerd ein kan takke nasjonalparkforvaltninga for. Hurrungane er ei av fire vernesoner i Jotunheimen nasjonalpark, og to T-merkte stiar vart lagt ned sist på 90-talet. Nemleg i Midmaradalen og Styggedalen.

Den andre lengre pausen var lagt til stølsområdet i Gravdalen der det var lagt inn ei matøkt med servering av rømmegraut og spekemat. Mats Lindborg hadde koka grauten i eitt av dei tre sela Årdal Turlag disponerer og har restaurert. Stølsområdet i Gravdalen er viktig beiteområde om våren når groen smeltar fram, og reinen treng særleg ro og fred på slike viktige beiteplassar når dei skal hente seg innatt etter ein lang vinter. Årdal Turlag sørger for grasslått kvar haust. Eit tiltak som sørger for vedlikehald av slåtteenga.

Arne Johs Mortensen fortalte om erfaringar frå Dovrefjell og Snøhetta villreinområde der stor ferdsel langs merkte stiar fører til at villreinen blir hindra frå kryssing mellom viktige beiteområde. Mortensen viste til at nettopp det er påvist ved bruk av ferdselstellarar der ei passering på vel 30 personar pr døgn fører til at villreinen vegrar seg for å krysse stien. Dette er undersøkingar NINA (Norsk institutt for naturforskning) har utført. Nettopp dette er viktig å ha i mente når ein set opp turkassar og skilt rundt om i villreinområdet. Eit tiltak som fører til ein markert auke i ferdselen. Spesielt negativt vil det vere ute på halvøya der simler og ungdyr oppheld seg store delar av året.

Etter vel 7 timars vandring med innlagte pausar enda gruppa nede ved Utladalen Nasjonalparksenter kl. 17, heilt etter planen i programmet. Inne i utstillinga inviterte dagleg leiar Monika Lysne inn til kveldsprogrammet, og ho nytta høve til å takke alle dei lokale sponsorane. Flokken på 25 fekk påfyll av fleire personar og ikkje minst Guri Sørumgård Botheim og ektemannen Sigurd Brørs.

Kveldsøkta starta med tapasbord og god drikke servert inne ved åren der det var tennt bål og gjort klart til å sitte ned. Deretter fekk forfattar Guri Sørumgård Botheim ordet og ho heldt eit engasjerande foredrag om og frå romanen «Høgfjellsmeldinga» der hovudpersonen Ragnastiller viktige spørsmål, m.a. kven har rett til å bruke fjellet og til kva? Botheim innrømte at ho kjenner seg meir og meir i slekt med Ragna, og peika på at ho nyleg i lag med fleire privatpersonar som brenn for villreinen stifta ein ny organisasjon «La villreinen leva!».

Arne Johs Mortensen viste til slutt ein vakker, eigenprodusert videofilm frå villreinfjellet og det vart ei spesielt sterk oppleving da Botheim las frå diktsamlinga si «Heime mellom istidene» under filmen.

Sluttord

Vest-Jotunheimen er villreinen sitt rike. FOTO R. Solem

Alle som deltok denne dagen og kvelden var einige om at eit Vandreseminar i villreinfjellet med påfølgande foredrag var ein lærerik og nyttig metode for å få større innsikt i dei utfordringane vår bruk av fjellet skapar for villreinen. Ole Magnar Nundal hadde ein sluttkommentar som eg trur mange kan slutte seg til. Vi er alle her glade i å drive friluftsliv i dei fantastiske fjella våre, og det er ein tradisjon det vil vere viktig å vidareføre. Men, vi må berre vere spesielt oppmerksame og påpasselege slik at vår bruk av fjellet påfører villreinen minst muleg skade og forstyrringar. Føre var, med andre ord.

Referat: Rigmor Solem

Neste
Neste

VANDRESEMINARET 2024: Villrein