Visste du at…
For folk og fjell har utarbeidd 9 punkt det er viktig at du set deg inn i før du gjer deg opp ei meining i saka om etablering av eit vindkraftverk i Årdal.
Takk for at du tek deg tid til å setja deg inn i denne saka.
Hydro sine kraftverk i Årdal og Luster produserer 3,2 TWh pr år, tilsvarande Hydro sitt kraftforbruk i Årdal
Hydro si utbygging av Illvatnet/Øyane og auka årsnedbør vil dekka evt straumoppkøyringar i Å1 og Å2C
I tillegg produserer Østfold Energi 0,4 TWh frå Naddvik-anlegga
Årleg produsert kraft i Årdal og ved Hydro sitt anlegg i Luster er 3,6 TWh
Det totale forbruket i Årdal er 3,4 TWh
Øyane/Illvatnet og Offerdalen, i tillegg til auka årsnedbør, vil gje 0,4 TWh ekstra
Det er allereie eit kraftoverskot i Årdal, og eksport av kraft herifrå
Det er ingen kjende industriprosjekt som vil krevja meir enn allereie tilgjengeleg kraft
Konsesjonsvilkåret for Fortun-krafta om bruk av kraft i Årdal må oppretthaldast
Eit vindkraftverk vil gje ytterst få vedlikehaldsarbeidsplassar og lite anna
Tilsvarande vindkraftverk som alt finst gjev 2-3 årsverk
Styringa av vindkraftverk skjer normalt frå sentral i Tyskland
Dei 250-275 meter høge vindturbinane vil vera synlege på langt hald. Også frå Galdhøpiggen
Drift av eksisterande vindkraftverk har dokumentert at store mengder fugl blir drepne, og at naturmangfalde blir påvirka negativt
Føremålet med nasjonalparkar og landskapsvernområde er vern av eksisterande naturmangfald og naturverdiar. Dette kan ikkje kombinerast med nærliggande vindkraft.
Hydro sitt kraftverk i Fortun produserer 1,6 TWh kraft, nøyaktig halvparten av behovet Hydro har i Årdal
Eit evt vindkraftverk vil produsera 0,6 TWh pr år, men ustabilt avhengig av vind, ising på rotorblad og vedlikehald
Store mengder dyr balansekraft må erstatta gapet på 1,0 TWh
Vedtaket er basert på at Årdalsnaturen si tålegrense for inngrep allereie er nådd
Ordførar og kommunedirektør gjekk ut over sine mandat gjevne i Kommunelova
Kommunestyret meinte dei hadde nok kunnskap til å fatta vedtaket mot vindkraft 16.02. 2023
Ei konsekvensutgreiing blir gjennomført berre dersom utbyggar og kommune ønskjer utbygging
Nødvendig kunnskap var tilgjengeleg då NVE fråråda vindkraft i området i 2019
Eit vindkraftverk er ikkje mogleg i eit villreinområde
Etablering av Utladalen landskapsvernområde og Jotunheimen nasjonalpark var basert på kunnskap om dei unike naturverdiane
Eit vindkraftverk tilsvarande Fred. Olsen Renewable sine planar vil kosta meir enn 3,5 milliardar kroner
Deler av kommunen sin andel på rundt 1,75 milliardar medfører finanskostnader som indirekte blir påført innbyggarane. Kva om forventa økonomi i prosjektet feilar, Hydro sel seg ut av prosjektet eller uføresette drift/vedlikehaldskostnader kjem i tillegg?
Og kven skal dekka dei totale oppryddings- og tilbakeføringskostnadene når vindkraftverket blir utrangert etter 25 år?