Fellesforum “For folk og fjell”

Det nyttar å spreia kunnskap. “For folk og fjell” vil hjelpa deg til å ta informerte val når det gjeld bygda di, naturen vår og framtida. Å bygga ned urørt natur er ikkje løysinga.

  • Fellesforum "For folk og fjell"

    I september i fjor kom spørsmålet om vindturbinar i Årdal opp på eit kommunestyremøte. Debatten hadde alt rasa i Høyanger, og i mange andre bygdesamfunn rundt i Noreg. Debattane er ofte splittande. Mange menneske kan oppleva avmakt i slike situasjonar. Fellesforumet “For folk og fjell” er danna for at ingen av dei i Årdal og Sogn som kjenner at dei vil stå opp for naturen, fjella og villreinen skal kjenna seg åleine. Me vil dela kunnskap og fakta med befolkninga, og me vil gjera vårt beste for å unngå at dette skal splitta Årdalssamfunnet. Du er hjarteleg velkomen til å bli med.

  • Nei til vindturbinar i fjella våre

    Slik vil det sjå ut frå Årdalstangen om det vert sett opp vindturbinar som er 250 m høge på Eldegardsnosi. Legg merke til kraftmastene på 40 meter midt i biletet. Vil du læra meir om natur og energi og følgjene av at økonomi får gå framfor økologi? Trykk på knappen nedanfor

  • Villreinen - den einaste som er igjen

    Kvifor treng me ei kvalitetsnorm for villrein? I dag finn me den europeiske villreinen nesten berre i Noreg. Villrein er difor ein nasjonal ansvarsart, som me har eit særleg internasjonalt ansvar for å ta vare på. Opphavleg fanst villrein i heile fjell-Noreg, men på grunn av menneskelege inngrep er den norske villreinen i dag avgrensa på 24 avskilte område i Sør-Noreg. Me finn to slike område kring Årdal - i Vest-Jotunheimen og i fjella mellom Årdal og Lærdal. Fleire av dei større nasjonale villreinområda består allereie i dag av to eller fleire delbestandar, og det er fare for ytterlegare fragmentering i framtida.