Naturmangfaldet er truga
Etablering av vindkraft på land har i stor grad vore utført gjennom hastige avgjersler, kombinert med svakt beslutningsgrunnlag. Avgjerslene har vore direkte styrt av økonomiske drivkrefter, og har i mindre, eller fråverande grad teke omsyn til natur og artsmangfald.
Tap av natur
Tap av naturmangfald er ein like stor framtidstrussel som klimaendringane, og i følgje FN sitt naturpanel er inngrep og endringar i arealbruk den desidert største trusselen mot naturmangfaldet. Fire leiande norske biologar seier det slik: “Naturen er på retur, og me har ikkje “berre” ei klimakrise, men også ei naturkrise. Kvart år må store areal med fjell, skog, myr, våtmark, strender og matjord vika plass for nye vegar, kjøpesenter, hytter og hus, vindturbinar og anna infrastruktur.”