Kraftsituasjonen i Årdal
Informasjonen frå Årdal Energi om kraftsituasjonen i Årdal - ei sanning med visse modifikasjonar…
Status dei siste åra er at det vert produsert ca 1945 GWh innanfor kommunen sine grenser. I tillegg produserer Hydro sine kraftanlegg i Luster ca 1520 GWh. Via Fardalslinjene vert det overført ca 1625 GWh. Dette utgjer til saman ca 3570 GWh, noko som tilsvarar forbruket til Hydro (ca 3400 GWh), Norsun og offentleg/privat/øvrig næringsliv (sum ca 170 GWh når Norsun går på max). Fardalslinjene/trafoane i Fortun kan i prinsippet overføra ytterlegare ca 2300 GWh. Årdal har rikeleg med krafttilgang, men er absolutt avhengig av Fardalslinjene. Ei "Borgund-linje" vil kunna sikra tosidig tilførsel, og vil vera ei føretrekt sikkerheit. Når Årdal Energi presenterer at dei sel vesentleg meir kraft (40 GWh) til forbruk privat/næringsliv enn kommunen sin tilgang på 111 GWh konsesjonskraft, så er dette heilt irrelevant med omsyn til den totale kraftsituasjonen. Kvifor vil dei ha oss til å tru at “me står på kanten av stupet?”
Albert Berveling, ingeniør