Demokratiske prosessar i Årdal kommune?

Tusen takk til alle som møtte på folkemøtet på onsdag! Fullsett sal og 6800 visningar (så langt) av streamen seier noko om engasjementet kring denne saka.

Veldig kjekt at så mange møtte og at me fekk ein bra debatt kring gode spørsmål frå salen!

På folkemøtet vart varaordføraren spurd om det er ein pågåande prosess mellom kommunen og Hydro, utan at me fekk eit klart svar. Men ho kunne fortelja at kommunedirektøren hadde svart på brevet frå Hydro sendt til kommunen 18.5, der Hydro skriv at dei «ønsker å gå i dialog med Årdal kommune om gjennomføring av en konsekvensutredning for utvikling av vindkraft i Årdal (…)». Dette brevet sende Hydro til Årdal kommune etter at ordføraren i Årdal inviterte Hydro til å ta del i dette i etterkant av at kommunen hadde gjennomført lukka møter og dialog med Fred Olsen Renewables om vindkraft. Me bad om innsyn i svarbrevet frå Årdal kommune torsdag 16. juni og vart, for å seia det mildt, sjokkerte over innhaldet.

Brevet til Hydro opnar med følgjande: "Vi ser fram til en meir konkret skriv når det gjelder en mogleg konsekvensutredning for vindkraft i Årdal. Det er bør være et mål at dette skrivet kommer før summaren - slik at det kan tas ei politisk avgjerd tidleg haust i år." (Rettskrivinga er kommunedirektøren sin)

Lenger ned i brevet skriv kommunedirektøren vidare:

«Vi ber om at Hydro tar kontakt med Årdal Energi AS – som er eid av Årdal kommune og som representerer kommunes ekspertise innan fagfeltet.» 

Eineste årsaka til at kommunedirektøren gjer dette, slik me ser det, er fordi all kommunikasjon mellom Årdal Energi AS og Hydro ikkje vil vera tilgjengeleg for andre som offentlege dokument. Den einaste som har fått kopi av dette brevet er ordføreren.

 

Her ser de heile brevet:

 

Me undrar oss:

Kvifor reagerer ikkje varaordføraren på at eit slikt svar har blitt sendt frå Årdal kommune til Hydro utan at verken ho eller andre er informerte om det?

Varaordføraren hevda under debatten at ho først fekk kjennskap til innhaldet i dette brevet etter å ha bedt om innsyn via postlista til kommunen. Dette er altså enda eit døme på at dialog mellom Hydro og kommunen og ordføraren får skje utan at det politiske nivået (eller innbyggarane i Årdal) er orienterte om det.

Me undrar oss også over at dette brevet ikkje vart tema i kommunestyret 15. juni, då Senterpartiet ved Thomas N. Moen stilte spørsmål ved at ordføraren i denne saka har jobba i strid med vedtaket i kommunestyret frå 16. februar, der eit einstemmig kommunestyre vedtok følgjande: "Årdal kommune syner til at store deler av fjellområda er utbygd til vasskraft og at naturen si tolegrense for vidare landskapsinngrep i naturen til vindkraft etter vår vurdering er nådd."

Eller – er det slik at varaordføraren og andre politikarar stiller seg bak invitasjonen til ei konsekvensutgreiing med oppstart til hausten? Dette vil i så fall strida med både kommunestyret sitt vedtak frå 16. februar, og Arbeiderpartiet i Årdal sin uttale frå 9. juni om at dei vil «bidra til at dei politiske prosessane i Årdal kommune skal vera opne og tillitsvekkjande.»

Forrige
Forrige

Bekymringsmelding sendt til Hydro

Neste
Neste

Program til folkemøtet om vindkraft i Årdal