Krav om innsyn i kommunikasjon mellom Hydro Aluminium AS og Årdal Energi

Brev til Årdal kommune ved fungerande ordførar Anne Kauppi og dagleg leiar i Årdal Energi Holding AS ved Jan Stian Smedegård, sendt 22. september 2023

For folk og fjell er ein ideell organisasjon i Årdal med føremål å spreie faktainformasjon om konsekvensar av mogleg vindkraftutbygging i Årdalsfjella. Spørsmålet om vindkraft har stor offentleg interesse, og framstår som eitt av samtidas største verdival.

For folk og fjell har i brev til Statsforvaltaren uttrykt bekymring over at først ordførar Hilmar Høl, deretter kommunedirektør Stig Stark-Johansen, har teke sjølvstendige initiativ til å invitere Hydro Aluminium AS til eit samarbeid om å fremme sak om konsekvensutgreiing for vindkraft i Årdal. Bekymringa går ut på at den fremste folkevalde i kommunen, saman med kommunedirektøren, tek aktive initiativ i strid med kommunestyrevedtak 16. februar 2023, jfr. utdrag:

«Årdal kommune syner til at store deler av fjellområda er utbygd til vasskraft og at naturen si tolegrense for vidare landskapsinngrep i naturen til vindkraft etter vår vurdering er nådd. Årdal har store villreinsområde og ein stor del av Jotunheimen nasjonalpark i kommunen. Dette representerer viktige miljø- og naturverdiar me vil hegne om. Dette er betydningsfulle område for innbyggarane og dei dannar grunnlag for naturbasert næring og reiseliv som eit viktig supplement til industri».

Først responderer Hydro Aluminium AS v/Ola Sæter i brev datert 18.05.2023 på ordføraren sin invitasjon, deretter følgjer kommunedirektøren opp svarbrevet i brev til Hydro Aluminium AS, datert 23.05.2023. Begge breva er registrerte i kommunen si postliste som offentlege dokument.

 Brevet frå kommunedirektøren inneheld to viktige moment:

1.       (Sitat) «Vi (Årdal kommune) ser fram til eit meir konkret skriv når det gjelder en mogleg konsekvensutredning for vindkraft i Årdal. Det bør vere et mål at dette skrivet kommer før summaren – slik at det kan tas ei politisk avgjerd tidleg haust i år».

2.       (sitat) «Vi (Årdal kommune) ber om at Hydro tar kontakt med Årdal Energi AS – som er eid av Årdal kommune og som representerer kommunens ekspertise innan fagfeltet».

Brevet frå kommunedirektøren var registrert på kommunen si postliste som offentleg dokument, men i det opne møtet i regi av For folk og fjell i Årdal kulturhus 14.06.2023, var det ei overrasking for dei fleste at denne invitasjonen var sendt frå kommunedirektøren utan heimel i politisk vedtak.  På valkampmøtet i Årdal kulturhus 04. 09. 2023, stadfesta fungerande ordførar at ho, i samråd med leiaren i Årdal Arbeiderparti, ville skrive brev til Hydro Aluminium AS om at brevet ikkje har legitimitet som eit politisk initiativ, og at kommunedirektøren hadde skrive brevet på eige initiativ. For folk og fjell etterlyser brevet frå ordføraren og reknar med at det blir registrert som offentleg utgåande brev på kommunen si postliste.

Den 21.08.2023 skreiv For folk og fjell til Årdal kommune at organisasjonen hadde grunn til å tru at det er oppretta dialog mellom Hydro Aluminium AS og Årdal Energi, altså at arbeidet med å førebu ei konsekvensutgreiing er i gang, slik kommunedirektøren inviterte til i brevet datert 23.mai 2023, men no i ein kommunikasjon unnateke det offentlege, jfr. svar på innsynskravet frå kommunedirektøren datert 23.08.2023:

(Sitat)»Årdal kommune har ikkje Årdal Energi Holding som ein del av sitt sakssystem og postliste. De må derfor ta direkte kontakt med dei for å få oversikt på kva kommunikasjon som har vore mellom partane».

Den 25.08. 2023 var innsynskravet sendt til Årdal Energi. Avslag om innsyn kom i svarbrev frå dagleg leiar Jan Stian Smedegård 07.09. 2023.

Svaret frå den daglege leiaren inneheld to viktige moment:

1.       (Sitat)»Årdal Energi Holding er ein aktiv operasjonell deltakar i heile konsernet si verksemd. Holdingselskapet med dotterselskap driv næring i direkte konkurranse med og på like vilkår som private, og er soleis omfatta unntaket i offentleglova §2, første ledd og andre punktum.

De har difor ikkje rett på innsyn i all kommunikasjon mellom Hydro og Årdal Energi. Unntaket her er dialogen i Straumnett AS, som har konsesjon på nettet i Årdal med ramme på kor mykje selskapet kan tene og underlagt tilsyn.

2.       (Sitat)»Me vil likevel oppdatera dykk litt om vår rolle i vindkraftsaka. Som ein del av vår strategi skal me vera pådrivar for å utvikla fornybar energi. Me skal vera Årdal kommune sitt fagmiljø på dette området og me skal ta eit aktivt samfunnsansvar. Det er forklaringa til kvifor kommunedirektøren har sendt Hydro vidare til oss. Det er korrekt som de skriv, at det er oppretta ein dialog mellom Hydro Rein og Årdal Energi.....(...).»

For folk og fjell registrerer at Årdal Energi grunngjev hemmeleghaldet av dokument med at selskapet driv næring i direkte konkurranse med og på like vilkår som private. Prinsippielt er dette truleg rett, men berre viss ekspertisearbeidet selskapet skal hjelpe kommunen med har karakter av direkte konkurranse I marknaden. 

For folk og fjell meiner at Årdal kommune, som heileigar av Årdal Energi, opptrer klanderverdig i høve å hindra befolkningen innsyn i utgreiinga av  eit svært viktig verdispørsmål, spørsmålet om vindkraft i Årdalsfjella. Det går fram av kommunedirektøren sitt brev at han ber Hydro ta kontakt med Årdal Energi om ei mogleg konsekvensutgreiing, med henvising til at selskapet er eigd av Årdal kommune og er kommunen sin ekspertise innan fagfeltet. Det er altså ikkje Årdal Energi i eigenskap av privat aktør i ein konkurranseutsett sektor (energiproduksjon), men den ekspertisen selskapet har i samband med mogleg offentleg konsekvensutgreiing, som er relevant. Kommunen (kommunedirektøren) delegerer slik sett ein type offentleg myndigheitsutøving til selskapet. Konsekvensane av det er at innbyggjarane i Årdal ikkje får innsyn i ein prosess dei elles (om kommunen hadde hatt utgreiingsansvaret sjølv) ville hatt innsyn i.

På bakgrunn av kommunestyrevedtaket 16.02. 2023 og at Årdal kommune, etter mykje kritikk om hemmeleghald og lukka møtefora, har under arbeid eit ‘openheitsprosjekt’, er det sterkt kritikkverdig at kommunedirektøren, i samarbeid med eit heileigd kommunalt selskap, legg opp til ein lukka prosess for offentleg innsyn.

Vi syner òg til at Årdal Arbeiderparti, med stort fleirtal i kommunevalet og med ordførarposisjonen i nye fire år, vedtok ein samrøystes uttale i medlemsmøte 05.06. 2023, jfr siste avsnitt:

(Sitat) «Årdal Arbeiderparti vil legge til rette for gode interne prosessar i det vidare arbeidet, med rom for ulike meiningar i partiet. Me vil òg bidra til at dei politiske prosessane i Årdal kommune skal vera opne og tillitsvekkjande.»

For folk og fjell ber med dette fungerande ordførar ta naudsynte initiativ for:

1)       å sikre ein open, offentleg prosess om alle sider ved vindkraftspørsmålet i Årdalsfjella

2)      syte for at ordføraren sender brev til Hydro Aluminium AS om at kommunedirektøren sitt brev datert 23. 05. 2023 ikkje har legitimitet som politisk initiativ

3)       syte for å avvikle den hemmelege kanalen mellom Årdal kommune v/ Årdal Energi og Hydro Aluminium AS

Til orientering vil For folk og fjell prøve denne saka hos sivilombodsmannen om ikkje innsyn i ovannemnde kommunikasjon blir innvilga.

Med vennleg helsing

For Folk og fjell

v/ styret

 Kopi:      Kommunedirektør Stig Stark-Johansen

                Leiar Årdal Arbeiderparti

                Leiar Årdal Høgre

Forrige
Forrige

Innspel til Statnett

Neste
Neste

Hvorfor er Hydro fortsatt så lite konkret?