Kvifor er ei konsekvensutgreiing problematisk?
Forum “For folk og fjell” har sendt følgjande brev til alle folkevalde i Årdal:
Hei!
Vi ønskjer at du som folkevald for Årdal sine innbyggarar, set deg grundig inn i dei ulike forholda knytta til vindkraft i Årdal. Teksten under syner konsekvensane av å la Hydro senda melding om konsekvensutgreiing (Ref. trinn 1 i biletet nedanfor):
Vi i gruppa «For folk og fjell», som jobber aktivt med å spreia kunnskap om konsekvensar ved vindkraft, ønskjer at medlemmar i formannskap og kommunestyre skal bli gjort kjende med følgjande:
Saksgang for konsesjonsbehandling av vindkraft.
Vi ser i media at ordføraren ønskjer at Hydro skal gjennomføra ei konsekvensutgreiing (KU), slik at kommunen får meir kunnskap, stikk i strid med einstemmig vedtak om det motsette i kommunestyremøtet den 16.02.
MEN…..
Slik vi forstår informasjonen på NVE sine heimesider, vil NVE allereie i Trinn 1 (sjå vedlagt bilete) når Hydro sender melding om planlagt prosjekt til NVE og berørte partar, ha overteke myndigheita. Kommunen har då lita eller inga innflyting på beslutningar vidare i prosessen.
Den endelege konsekvensen vil då med all sannsynligheit bli at Årdal blir sittande igjen med eit vindkraftverk som ikkje vil vera berekraftig, verken naturmessig, samfunnsmessig eller økonomisk. Dette har «For folk og fjell» god dokumentasjon på, som vi gjerne deler med deg! Det er difor særs viktig at Årdal kommune eller Årdal Energi ikkje går inn i ein avtale med Hydro om at selskapet kan senda melding til NVE om planlagd prosjekt (Trinn 1) på vegne av kommunen.
Er du som kommunestyrerepresentant klar over dette?
Informasjonen under her er henta frå https://www.nve.no/konsesjon/konsesjonsbehandling-og-oppfoelging-av-vindkraft-paa-land/konsesjonsbehandling-av-vindkraftverk-paa-land/
Helsing
"For folk og fjell"
post@forfolkogfjell.no