Om vindkraft og energidekking i Årdal

Forum “For folk og fjell” har sendt følgjande brev til alle folkevalde i Årdal:

Hei!
Vi ønskjer at du som folkevald for Årdal sine innbyggarar, set deg
grundig inn i dei ulike forholda knytta til vindkraft og energidekking i
kommunen. Teksten under syner forhold tilknytta kraftdekking og behov:

Vi i gruppa «For folk og fjell», ser at Hydro i samband med forlenging
av konsesjonsavtalen for Fortun-kraftverka, prøver å unngå bindinga om
at denne krafta skal brukast lokalt i Årdal. Ref.  avsnitt 8 i
dokumentet «Kommentarer til høringsuttalelser til Hydros søknad om
fornyet reguleringskonsesjon for Fortun/Grandfasta, Luster kommune i
Sogn og Fjordane.»

https://webfileservice.nve.no/API/PublishedFiles/Download/201702265/2556628

Dette er særs alvorleg for Årdal. I praksis tyder dette at Hydro kan
distribuera denne krafta kvar dei vil, eller dei kan velga å selga denne
krafta når straumprisane er høge. Konsekvensane av dette kan vera heilt
eller delvis nedstenging av ein av elektrolyseseriane.
Kraftmengda som Hydro produserer ved kraftverka i Fortun tilsvarar 44%
av Hydro sitt kraftforbruk i Årdal. Dersom produksjonen frå
Fortun-kraftverka ikkje blir overført til Årdal, så tilsvarar det at
store delar av produksjonen på Hydro må stansast. Dette må IKKJE skje,
og det harmonerer ikkje med Hydro sine utsegner om auka kraftbehov i
Årdal.

Kvifor skal då kommunen gi Hydro lov til å bygga eit vindkraftanlegg i
fjella i Årdal?

Det føreslegne vindkraftverket vil produsera i underkant av 0,6 TWh
årleg, som tilsvarar berre 17% av Hydro sitt årlege kraftbehov i Årdal.
Eit vindkraftverk i Norge produserer full effekt berre ved gode
vindforhold. Gjennomsnittleg inneber dette at årsproduksjonen er 33%-35%
av installert effekt. Over lengre periodar leverer ikkje vindkraftverket
energi. For å kompensera dette må tilsvarande kraftmengde bli henta frå
nettet eller frå tilgjengeleg vasskraft, dersom fyllingsgrad og
straumprisar/økonomi tillet det.
Det føreligg ingen kjende konkrete planar frå Hydro, Norsun eller andre
aktørar i  Årdal, som tilseier at kraftforsyninga til Årdal må aukast
utover dagens produksjon- og overføringskapasitet.

Helsing
"For folk og fjell"
post@forfolkogfjell.no

Forrige
Forrige

Kvifor er ei konsekvensutgreiing problematisk?

Neste
Neste

Naturopplevingar for framtida