Problemet med konsekvensutgreiing
Det vert hevda frå fleire hald at det er nødvendig å innhenta meir kunnskap om ei evt vindkraftutbygging i Årdalsfjella i form av ei konsekvensutgreiing. Enkelte lokalpolitikarar prøver å ufarleggjera ei konsekvensutgreiing ved å hevda at kommunen har fleire høve til å seia nei - heilt uavhengig av konsekvensutgreiinga. Det er diverre grunn til å tru at det slett ikkje er nokon garanti for at kommunen har vetorett.
Kva kunnskap er det som manglar?
Kva kunnskap politikarane våre meiner dei manglar er litt uklårt, all den tid både Miljødirektoratet og NVE i samband med Nasjonal ramme for vindkraft alt i 2019 analyserte fjellområdet og konkluderte med at det ikkje var eigna for vindkraft med grunnlag i både friluftsliv, villrein, landskapstypar og dyreliv elles. Les gjerne analysen her.
Kva er ei konsekvensutgreiing?
Slik er saksgangen ved ei evt konsekvensutgreiing:
Det første som skjer, er at tiltakshavar, altså det selskapet som ønskjer å bygga ut, skal senda ei melding til kommunen om dette, der dei på same tid føreslår eit utgreiingsprogram for konsekvensutgreiing, der dei må skildra både tiltaket og dei største konsekvensane. Dei må også levera eit framlegg til kva som skal greiast ut under konsekvensutgreiinga.
På same tid skal kommunen få eit planinitiativ frå tiltakshavar. Ut frå det skal kommunen ta stilling til om dei er interesserte i å starte ein arealplanprosess. Seier kommunen nei, stoppar saka der. Seier dei ja, vil det bli vedteke eit planprogram som bestemmer kva som skal konsekvensutgreiast til arealplanen. NVE ønskjer at ei konsekvensutgreiing skal dekka behovet til både konsesjonssaka og arealplanen, og at desse prosessane skal gå parallelt for å unngå dobbeltarbeid.
Det vil deretter bli lagt opp til to omgangar med høyringar og folkemøte, før det blir starta ein prosess med at meldinga til NVE skal ut på høyring, med tilhøyrande folkemøte.
Når programmet for konsekvensutgreiinga har vore ute på høyring og det er vedteke, skal tiltakshavar få ferdig konsekvensutgreiinga og koma tilbake til kommunen med den, og då med ei grundigare skildring av tiltaket. Dette skal så ut på ny høyring, også denne med eit folkemøte. På same tid skal kommunen utarbeida og vedta eit arealplanforslag i samarbeid med tiltakshavar. I lovendringa frå juli 2023 ligg det at det skal vere ei områderegulering som skal vere mindre detaljert enn konsesjonsvedtaket. Igjen kan kommunen no seia nei, og stoppe heile prosessen. Seier dei derimot ja, kan NVE gjera eit konsesjonsvedtak, men ikkje før kommunen har slutta seg til arealplanen.
Så….kva er problemet?
Når ein skal ta stilling til ei evt konsekvensutgreiing er det særs viktig at både folkevalde og innbyggarar har ei korrekt oppfatting av om kommunen sitt veto til slutt kan overprøvast. Sjølve prosessen som beskriven ovanfor kan få det til å virka som om dette er ei grei sak, men for å få korrekt kunnskap om tydinga av revisjonen av Plan- og bygningslova og Energilova gjeldande frå juli d.å., tok For folk og fjell ved Albert Berveling opp dette spørsmålet med fire saksbehandlarar i OED, NVE og Miljødirektoratet, i tillegg til ein stortingsrepresentant som jobbar med energisaker. Den eine i NVE uttrykte at vedkommande ikkje var jurist, og dermed ikkje kunne svara. Éin var usikker på den endelege tydinga av lovendringane, éin tolka dei slik at statleg regulering framleis kunne gjennomførast, medan OED-saksbehandlaren sa at OED hadde moglegheit til å overprøva kommunen sitt veto via rettssak, for dernest å gjennomføra statleg regulering. Dette er sjølvsagt ikkje prøvd enno. Stortingsrepresentanten hadde same oppfatting som OED-saksbehandlaren.
Aleksander Øren Heen, tidlegare statssekretær i Klima- og miljødepartementet, presiserer følgjande:
- Sjølv om kommunen har reguleringsmynde til vindkraft, så føregår ikkje dette i eit kommunalt vakuum. Motsegnsinstituttet gjeld framleis og regionale og sentrale omsyn må takast. Staten sin rett til statleg regulering er heller ikkje fjerna.
Det vil seia: Lovnaden om eit kommunalt veto er ikkje juridisk, men politisk.
Vårt poeng:
Når me veit at OED har påtrykk frå olje- og energiministaren om auka etablering av vindkraft, og at NVE rapporterer til OED, så er det all grunn til å tru at OED vil vinna fram med ein evt rettssak. Og når me til dømes ser på Fosen-saka, så kjem det jo også tydeleg fram at både lovverk og dommar vert tilsidesette for energiproduksjon.
Så då spør me igjen: Kva er det me manglar av kunnskap som krever at me set i gang ei konsekvensutgreiing, som i verste fall kan føra til at det blir bygd eit vindkraftverk som innbyggarar og folkevalde til slutt likevel ikkje ønskjer?