DET ER DETTE VALET HANDLAR OM…
Ved Vidar Moen, leiar i Årdal Jeger- og fiskeforening
Det er dette valet handlar om, skriv ordførar i Høyanger Petter Sortland, og syner til eit lesarinnlegg som Hydro–direktør Ola Sæter har i Firda, 08.09.2023.
Ola Sæter seier i sitt innlegg at ‘’vi vil ha industrien, da må vi også ville ha krafta som gjer industriutvikling mogleg”. Det held etter mitt syn ikkje å argumentere for storpolitiske grep – som at Stortinget skal snu opp ned på klimapolitikken eller EU gjere om måten kraftmarknaden i Europa fungerer. Ei heller peike på kraftkjelder som berre er tilgjengeleg på papiret
Sæter seier vidare: “Skal vi utvikle kraft til prisar som er konkurransedyktig for industrien, kjem vi ikkje unna å ta naturressursar i bruk – vatn og vind – slik vi har gjort i Noreg i 120 år. Det skaper dilemma, og debatt.’’
Motstanden og debatten handlar ikkje om å snu ryggen til Hydro eller om Hydro som industribedrift. Eg trur alle er samde om at Hydro er ein viktig aktør i vår region, Hydro er og har vore ein flott arbeidsplass som også har fått rammevilkår til å utvikla seg til slik den fram står i dag. Ei bedrift med milliardoverskot og planar for industriell utvikling i regionen.
Motstanden og debatten handlar etter mitt syn meir om spørsmålet om vi skal halde fram med å bygge ned naturen slik vi har gjort dei siste 120 åra. Skal vi halde fram med å ha skylappane på og dure på som før? Men då veit vi kva som skjer! Då vert det som Albert Einstein sa for 100 år sidan: ‘’Toppen av galskap er å tru at om ein gjer det same opp att og opp att, så vil det skje ei endring.’’ Kvar skal da dette ende?
Skal vi akseptere at naturen sine rammevilkår enno ein gong vert satt på prøve. Skal vi akseptere at hjortevilt og fugl får reduserte leveområder med påfølgande følger som utrydding av artar?
Valet og diskusjonen handlar også om kvar makta sit i lokalsamfunn som Årdal og Høyanger, som begge er bygder med ein stor industriaktør som hjørnesteinsbedrift.
Framgangsmåten Hydro har brukt for å fremme aksept for etablering av vindkraft i Høyanger og Årdal er eit førsøk på å legge debatten daud eller tone den kraftig ned.
Når ein ser kva Einar Rysjedal, For folk og fjell og alle andre som engasjerer seg i saka om vindkraft egentleg vil, så er det bevaring av attverande natur, ikkje ein kamp mot Hydro, som det no kan sjå ut til at nokon vil det skal sjå ut som. Trur alle er glade i Hydro og ynskjer ei industriell utvikling i heimkommunen sin. Ein er berre ueinig i det snevre vegvalet Hydro har valt for å nå sine mål.
Diskusjonen må inn på riktig spor, Hydro treng kraft. Korleis skal ein klare å få det til innanfor dei verdival og miljømål dei sjølve og bestemmande myndigheiter har i dag og for tida framover?
Hydro:
“Vår miljøambisjon er å beskytte biologisk mangfold og redusere vårt miljøfotavtrykk.
Påvirkninger på biologisk mangfold kan oppstå i hele verdikjeden av aluminium som følge av endring i arealbruk og utslipp av skadelige utslipp til luft, land og vann. Det er Hydros ansvar å identifisere og redusere disse potensielle påvirkningene og sikre at det ikke oppstår varig skade på miljøet.”
Hydro har mål om 0-utslepp utan at det skal gå på bekostning av måla om å beskytte det biologiske mangfaldet.
Reknar med at utbygging av vindkraft er ein del av heile verdikjeda?
Noreg:
Noreg har signert internasjonale avtaler som forpliktar å:
Stoppe øydeleggelse av naturen
Beskytte 30% av verdens land-, vann og havområder innan 2030
‘’Internasjonalt samarbeid og tiltak i hvert enkelt land er avgjørende om vi skal løse naturkrisen i verden’’, sa klimaminister Espen Barth Eide (Ap) ved åpningen av COP15 i Montreal.
I same talen sahan:
-Vi er naturen. Vi er avhengig av naturen. Og naturen setter yttergrensene for vår eksistens, opma Eide innlegget sitt med.
-Vi lever ikke i fred med naturen nå, og det må vi endre på. Vi har en historisk mulighet til å gjøre noe med det nå. Og vi har kunnskapen til å klare det, sa han vidare.
Arealbruken er den største trusselen
-Norge skal definitivt gjør sin del i arbeidet med dette, sa han.
-Alle må ta ansvar nasjonalt om Norge skal klare våre forpliktelser.
Norge har også eit spesielt internasjonalt ansvar for å bevare villrein
Årdal kommune:
Kommunestyret som er kommunen sitt øvste organ vedtok 16.06.2022 Kommuneplan samfunnsdel 2022 – 2030:
Skal kommunen nå ambisjonane om å vere ein av dei beste miljøkommunane i landet, må alle aktørane i lokalsamfunnet spele på lag, står det i planen. Fokuset er Årdal som nasjonalparkkommune og bevaring av naturen. Dette er ein raud tråd gjennom heile planen. Samfunnsplanen er b.l.a. bygd på FN sine 17 berekraftsmål, og dei tre dimensjonane klima/miljø, sosialt og økonomisk. Berekraftig utvikling handlar om å ta vare på behova til menneska som lever i dag, utan å øydelegge for korleis framtidige generasjonar skal få dekka behova sine.
I sak 22/743 – 4 Høyring – ‘’Regional plan for fornybar energi’’, 16.02. 2023. vart følgande avsnitt ein del av vedtaket:
Årdal har store villreinsområde og ein stor del av Jotunheimen nasjonalpark i kommunen. Dette representerer viktige miljø- og naturverdiar me vil hegne om. Dette er betydningsfulle områder for innbyggarane og dei dannar grunnlag for naturbasert næring og reiseliv som eit viktig supplement til industri.
Årdal kommune syner til at store deler av fjellområda er utbygd til vasskraft og at naturen si tolegrense for vidare landskapsinngrep i naturen til vindkraft etter vår vurdering er nådd.
Med desse vedtaka (einstemmig) har Årdal kommune stadfesta sitt verdival på bakgrunn av den kunnskapen og faktaopplysningar den enkelte medlem i kommunestyret har. Vedtaket er også i samråd med kommuneplan dei vedtok eit halvt år tidlegare.
Dette vedtaket vart også gjort etter at kommunen var kjent med at selskapet Fred. Olsen Renewables hadde lagt fram sin plan om vindkraftanlegg i Årdal.
Med slike felles mål og verdival, hjå potensiell utbyggar og bestemmande myndigheiter; kan utfallet då verte utbygging av vindkraftanlegg i sårbar høgfjellsnatur vere einaste løysing ?
Kven bestemmer?
Når Hydro kjem på bana og skapar eit trusselbilete set det stort press på politikarane våre. Hydro seier at det ikkje er andre alternativ for auka kraft, på kort sikt, en bygging av vindkraft i eigen regi eller i lag med andre aktørar. Politikarane sine overbevisningar, integritet og verdival som no er nedfelt i kommunale strategiplanar og vedtak, vert satt på prøve.
I tida etter Hydro kom på bana med interesse for å bygge ut vindkraft endra politikarane haldning. No var det mangel på kunnskap som gjorde at dei ikkje kunne ta stilling til vindkraftanlegg i våre fjell.
På valmøte 04.09.2023 vart politikarane utfordra på sine vedtak om bevaring av naturen, og at naturen si tolegrense for vidare landskapsinngrep til vindkraft etter deira vurdering er nådd.
På spørsmål om kvar kunnskapen om tolegrense tok vegen svarar sittande ordførar at det er behova som næringslivet har meldt om i ettertid som har endra deira syn på saka.
Det er blant anna meldt opp fire ganske store prosjekt frå Hydro til Statnett, som dei har fått nei på fordi me ikkje har god nok linjekapasitet og godt nok nett til å auka effektuttaket i linjene våre. Me må vita heilt konkret kor mykje effekt det er behov for, korleis me skal få tak i det, og det må vera konkrete prosjekt i Årdal. Det er det me seier, sa Anne Kauppi.
Dette fortel oss at kommunale planar og verdival vert satt på prøve når store industriaktørar utfordrar nasjonale og lokale mål og vedtak om bevaring og gjenskaping av norsk natur.
Kva skal vi med gode planar og intensjonar med mål om bevaring av norsk natur dersom det kun skal skrivast ned på eit papir og snakkast om i festtalar og valkampar?
Sidan det er kommunestyret som skal ta dei viktige og riktige vala, treng vi politikarar som kan stå opp for sine verdival og har integritet…
(Integritet er forresten eit omgrep som beskriv kvaliteten på å være ærlig, sannferdig og konsistent i handlingar og verdiar)
Godt val!
Skrive av Vidar Moen 9. september 2023