Lat oss ta vare på naturverdiane og villreinen i fjella våre
Vindkraft handlar om storstilt industrialisering i urørte og verdifulle naturområde.
Det er ikkje mogleg å redda klimaet ved å øydelegga naturen!
Rigmor Solem har skrive referat frå Vandreseminaret 2024, der villreinen var eit tema. Les heile teksten, så vil du få ei auka forståing av villreinene sine levekår i fjella våre.
Bli med dyktige fagfolk på vandrnig gjennom vakker natur. Lær om villreinen og vår bruk av fjellet. Påmelding til post@utladalen.no innan 10. september!
Kurt Nilsson og Albert Berveling deltok på folkemøte om vindkraft i Høyanger, og heldt eit svært opplysande innlegg om balansekraft. Sjå strømminga ved å klikka deg inn på dette innlegget.
For folk og fjell har saman med sju andre regionale organisasjonar gått saman om å utarbeide eit innspel til Statnett i samband med den føreståande utgreiinga (KVU) som dei planlegg for å forsterke kraftlinene i Indre Sogn. Du kan lesa innspelet her.
Årdal kommune (kommunedirektøren) har delegert ein type offentleg myndigheitsutøving til Årdal Energi Holding AS. Konsekvensane av det er at innbyggjarane i Årdal ikkje får innsyn i ein prosess dei elles (om kommunen hadde hatt utgreiingsansvaret sjølv) ville hatt innsyn i. For folk og fjell har no sendt brev til fungerande ordførar for å problematisera dette. Me forventar at politikken ryddar opp snarast.
For folk og fjell svarar på Hydro sitt innlegg i Firda 12. september:
Hydro v/ Molland poengterer “at kraftutvikling og sikring av norsk industri er knyttet til dilemmaet behov for kraft til konkurransedyktig pris versus «bruk av areal som kan gi negative konsekvensar for naturen». For folk og fjell kjøper ikkje dette, all den tid Hydro unnlet å fortelja heile sanninga.
Albert Berveling svarar på Torleif Sand sitt opne brev på Porten.no
Publisert 11. september 2023
Leiaren i Årdal Jeger- og fiskeforening, Vidar Moen, fortel oss kva han meiner årets val handlar om. Me er glade for at nokon snakkar naturen (og villreinen) si sak.
Informasjonsdirektør Hallvor Molland i Hydro forsøker å så tvil om tala For folk og fjell opererer med. Problemet er berre at det er Hydro sjølv som er kjelda til tala i utgangspunktet. Les vårt svar til Molland her.
For folk og fjell er opptekne av å få fakta på bordet. Hydro kan ikkje truga kommunane til å rasera naturen. Kva er Hydro sin eigentlege intensjon? Lat oss sjå nærare på det. Publisert for første i Sogn Avis 29. august 2023.
Naturfotograf Rolf Kjødnes stiller viktige spørsmål! Publisert på Porten.no 28. august 2023.
Vårt svar til Hydro v/ Ola Sæter si grunngjeving av selskapet sitt kraftbehov og tilknyta planar om mogleg bygging av vindkraftverk i Snøheia og Årdalsfjellet i debattinnlegget i Sogn Avis den 4. august. 2023.
Fullsett sal, direktesending på Vestlandsrevyen og 8100 visningar av streamen seier sitt om eit stort engasjement.
Den 17. juni sende "For folk og fjell" ei formell bekymringsmelding til Hydro og ordførar/kommunedirektør, med kopi til Statsforvalteren.
For folk og fjell stiller spørsmål ved dei demokratiske prosessane i Årdal kommune.
Programmet til folkemøtet om vindkraft i Årdal er klart. Vel møtt!
Innspel til dei folkevalde i Årdal kring ei eventuell konsekvensutgreiing om vindkraft.
Innspel til dei folkevalde i Årdal kring vindkraft og energidekking. Illustrasjonen syner korleis det vil sjå ut med vindmøller over Kjeringaskard (på veg mot Middagshaugen) frå kommunestyresalen på rådhuset.
Informasjon frå “For folk og fjell”
Korleis påvirkar vindkraftverk i viktige natur- og friluftslivsområde naturmangfaldet, friluftslivsopplevinga og nærmiljøet?
Mange vindkraftanlegg som er bygde i Noreg påverkar kvardagslandskapet. Diverre er det førebels lite forsking på korleis dei som bur tett på anlegga opplev dette. Inne i anlegga og i nærområdet rundt, vil lyd og skuggekast bidra negativt i opplevinga av naturen, samt ha konsekvensar for helsa til dei som er busette i nærleiken. På avstand bidreg solrefleksar i rotorblada som beveger seg og blikande lys til å gje eit inntrykk av industri. Det blir verken ro for øyre eller auga. Det forringar opplevinga av naturen og dermed friluftslivet.
Energipolitikk på naturen sine premissar
Grøn omstilling er ikkje å forbruka meir, anten det er natur eller andre ressursar - det er å forvalta betre!
“Siden år 1900 har dei villmarksprega naturområda blitt redusert frå omkring 50 prosent av landarealet til ca. 11,5 prosent i januar 2018. Fra 1988 til 2018 blei den villmarksprega naturen i Noreg redusert med om lag 2080 kvadratkilometer, eller ca. 5,3 prosent. Bygging av vegar og anlegg for vasskraft, vindkraft og nye kraftlinjer sto for mesteparten av reduksjonen (560 km2) av inngrepsfri natur frå 2013 til 2018.”
Me kan ikkje halda fram med å forbruka naturverdiar. Det er difor nødvendig å stoppa den unødvendige bruken av villmarksprega og inngrepsfrie naturareal til vindkraft.
Vil du læra meir om vindkraft og konsekvensane av utbygging? Følg knappen nedanfor.